Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Guds trone og Lammet

Tilbeding i himmelen

1. Deretter såg eg, og sjå! – ei dør var opna i himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»

2. I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ei trone, og det sat ein på trona.

3. Han som sat der, såg ut som jaspis og karneol, og omkring trona var det ein regnboge; han var som smaragd.

4. I ein ring omkring trona såg eg tjuefire andre troner, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede, med sigerskransar av gull på hovudet.

5. Frå trona gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor trona brann det sju faklar, det er dei sju Guds ånder.

6. Framfor trona var det som eit glashav, likt krystall.Og i midten, rundt trona, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av auge framme og bak.

7. Den første skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei flygande ørn.

8. Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei fullt av auge, også under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den allmektige,han som var og som er og som kjem.

9. Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på trona, han som lever i all æve,

10. fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på trona, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar sigerskransane sine ned framfor trona og ropar:

11. Verdig er du, vår Herre og Gud,til å få pris og ære og makt.For du har skapt alt;ved din vilje vart alt til, skapt av deg.