Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 17:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom bort til meg og sa: «Kom, eg vil syna deg korleis den store hora får sin dom, ho som sit ved veldige vatn.

2. Kongane på jorda har drive hor med henne, og dei som bur på jorda, har vorte rusa av vinen frå horeriet hennar.»

3. I Anden førte han meg ut i øydemarka, og eg såg ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud. Det hadde sju hovud og ti horn.

4. Kvinna var kledd i purpur og skarlak og glitra av gull og edelsteinar og perler. I handa hadde ho eit gullbeger fullt med motbydelege ting og all ureinskapen frå horeriet sitt.

5. På panna hennar stod det skrive eit namn med løynd meining: «Babylon den store, mor til horene og til alt som er motbydeleg på jorda.»

6. Og eg såg at kvinna var rusa av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.Full av undring såg eg henne.

7. Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn.

8. Dyret du såg, det var, men er ikkje, og det skal koma opp frå avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var, men ikkje er, og endå skal koma.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 17