Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 16:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og eg høyrde frå tempelet ei høg røyst som sa til dei sju englane: «Gå av stad og tøm dei sju skålene med Guds vreide ut over jorda!»

2. Då gjekk den første engelen og tømde si skål ut over jorda. Og vonde, forferdelege byllar braut ut på dei menneska som bar merket til dyret, og som tilbad biletet av dyret.

3. Den andre engelen tømde si skål i havet, og det vart til blod som av ein død kropp, og alle levande skapningar i havet døydde.

4. Den tredje engelen tømde si skål i elvane og kjeldene, og dei vart til blod.

5. Og eg høyrde engelen over vatna seia:«Rettferdig er du som er og som var, du heilage,fordi du dømmer slik.

6. For dei har aust ut blod frå heilage menneske og profetar,og blod har du gjeve dei å drikka.Det er som fortent!»

7. Og eg høyrde altaret seia:«Ja, Herre Gud, du Allmektige,sanne og rettferdige er dine dommar.»

8. Den fjerde engelen tømde si skål ut over sola. Då fekk ho makt til å svi menneska med eld,

9. og menneska vart svidde i sterk hete. Likevel spotta dei Guds namn, han som har makt over desse plagene, og dei vende ikkje om og gav Gud ære.

10. Den femte engelen tømde si skål ut over trona til dyret. Då vart riket til dyret lagt i mørker, og folk beit seg i tunga av pine.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 16