Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 5:15-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.

16. Vedkjenn då syndene for kvarandre og be for kvarandre, så de kan bli lækte. Bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft.

17. Elia var eit menneske under same kår som vi. Han bad inderleg at det ikkje skulle regna, og i tre år og seks månader fall det ikkje regn på jorda.

18. Så bad han på nytt, og himmelen gav regn, og jorda bar atter si grøde.

19. Mine sysken! Om ein av dykk forvillar seg bort frå sanninga og ein annan får han til å venda om,

20. då skal de vita: Den som får ein syndar til å venda om frå sine forvilla vegar, bergar sjela hans frå døden og løyner ei mengd med synder.

Les hele kapitlet Jakob 5