Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Bøy dykk for Gud

1. Kvar kjem han frå, all denne striden og ufreden blant dykk? Er det ikkje frå lystene som fører krig i lemene dykkar?

2. De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De lever i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed.

3. De bed, men får ikkje, fordi de bed gale. De vil sløsa det bort i nyting.

4. De trulause! Veit de ikkje at venskap med verda er fiendskap mot Gud? Den som vil ha verda til ven, blir Guds fiende.

5. Eller meiner de at det er tomme ord når Skrifta seier: Med brennande iver gjer Gud krav på den ånda han har late bu i oss?

6. Men nåden han gjev, er endå større. Difor heiter det: Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.

7. Så bøy dykk for Gud! Men stå djevelen imot, så skal han rømma frå dykk.

8. Hald dykk nær til Gud, så skal han halda seg nær til dykk. Vask hendene, de syndarar, og reins hjarta, de tvihuga!

9. Klag dykkar naud, sørg og gråt! Vend latteren til sørgjesong og gleda til alvor!

10. Gjer dykk audmjuke for Herren, så skal han opphøgja dykk.

11. De må ikkje baktala kvarandre, sysken! Den som baktalar ein bror eller dømmer ein bror, han baktalar lova og dømmer lova. Men dersom du dømmer lova, då gjer du ikkje det lova seier, men gjer deg til dommar over lova.

12. Det er éin som er lovgjevar og dommar, han som har makt både til å frelsa og til å øydeleggja. Men kven er du som dømmer nesten din?

Åtvaring til dei sjølvtrygge og rike

13. Og no, de som seier: «I dag eller i morgon fer vi til den eller den byen og er der eit år, driv handel og tener pengar» –

14. og så veit de ikkje eingong korleis livet dykkar blir i morgon! For de er røyk – synleg ei lita stund, og så borte.

15. De skulle heller seia: «Om Herren vil, får vi leva og kan gjera det eine eller det andre.»

16. Men no er de hovmodige og rosar dykk sjølve. All slik ros er av det vonde.

17. Den som veit kva godt han burde gjera, men ikkje gjer det, han gjer seg skuldig i synd.