Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Tunga er ein eld

1. Mine brør, ikkje mange av dykk bør bli lærarar, for de veit at vi lærarar skal få ein strengare dom.

2. Alle snublar vi ofte. Den som ikkje snublar og feilar i det han seier, er fullkomen, i stand til å halda heile kroppen i taumar.

3. Vi legg beksel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten.

4. Ja, til og med store skip som blir drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil.

5. På same måten er det med tunga: Ho er ein liten kroppsdel, men ho kan skryta av si store makt. Ja, ein liten eld kan setja den største skog i brann!

6. Men tunga er òg ein eld, ho er ei verd av vondskap mellom lemene våre. Ho smittar heile kroppen og set livshjulet i brann, og blir sjølv sett i brann av helvete.

7. Alt i naturen, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar, kan temjast og har vorte tamde av mennesket, som sjølv er ein del av naturen.

8. Men tunga kan ikkje noko menneske temja, rastlaus og vond som ho er, full av drepande gift.

9. Med henne lovprisar vi Herren vår Far, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete.

10. Frå same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Slik må det ikkje vera, mine sysken!

11. Kan det vel strøyma både friskt og bittert vatn frå same kjelda?

12. Sysken, kan eit fikentre bera oliven eller ein vinstokk bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn.

Sann og falsk visdom

13. Er nokon av dykk vis og vitug, då skal han syna det i gjerning, i eit rett liv som har vorte audmjukt gjennom visdom.

14. Men ber de bitter misunning og sjølvhevding i hjartet, då må de ikkje skryta og lyga mot sanninga.

15. Den slags visdom kjem ikkje ovanfrå, men er jordisk og sjeleleg, ja, demonisk.

16. For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er.

17. Men visdomen ovanfrå er først og fremst rein. Dessutan elskar han fred og er forsonleg og føyeleg, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og utan hykleri.

18. Rettferda er ei frukt som blir sådd i fred og veks fram for dei som skaper fred.