Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Guds folk i øydemarka – og i dag

Jesus er større enn Moses

1. Difor, heilage sysken, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på Jesus, den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest.

2. Han var trufast mot den som innsette han, liksom Moses var trufast i heile Guds hus.

3. Men Jesus vart verdig til å få større ære enn Moses, liksom ein byggmeister får større heider enn huset han byggjer.

4. Eit hus må alltid vera bygd av nokon, men den som har bygd alt, det er Gud.

5. Moses var trufast som tenar i heile Guds hus. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast.

6. Men som son er Kristus sett til å styra huset hans. Og vi er hans hus, så sant vi held fast på frimodet og den vona vi er stolte av.

I dag, om de høyrer hans røyst

7. Difor, som Den heilage ande seier: I dag, om de høyrer hans røyst,

8. så gjer ikkje hjartet dykkar hardt som under opprøret, den dagen dei utfordra meg i ørkenen.

9. Der utfordra dei meg, fedrane dykkar, og sette meg på prøve, endå dei hadde sett mine gjerningar

10. i førti år. Difor fekk eg avsky for denne slekta og sa: Dei fer alltid vill i sitt hjarte, dei kjenner ikkje mine vegar.

11. Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

12. Sjå til, sysken, at ikkje nokon av dykk blir vond og vantruande i hjartet og fell frå den levande Gud.

13. Set heller mot i kvarandre kvar dag, så lenge det heiter «i dag», så ikkje nokon av dykk skal la seg forføra av synda og bli forherda.

14. For vi har del i Kristus, så sant vi heilt til det siste held fast på det grunnlaget som vi hadde i den første tida.

15. Når det heiter: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt, som under opprøret,

16. kven var det då som høyrde, men likevel gjorde opprør? Var det ikkje alle dei som Moses hadde ført ut frå Egypt?

17. Kven var det han hadde uvilje mot i førti år? Var det ikkje dei som synda og vart liggjande som lik i øydemarka?

18. Og kven var det eiden gjaldt då han svor at dei ikkje skulle koma inn til hans kvile? Var det ikkje dei ulydige?

19. Så ser vi at det var vantru som førte til at dei ikkje kunne koma inn.