Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 2:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. For det er ikkje under englar Gud har lagt den komande verda som vi talar om.

6. Dette er det ein som har vitna om ein stad: Kva er eit menneske – at du hugsar på det, ein menneskeson – at du tek deg av han?

7. Ei lita stund sette du han lågare enn englane. Så krona du han med herlegdom og ære.

8. Alt la du under hans føter.Då Gud la alt under han, vart ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno ser vi ikkje at alt er lagt under han.

9. Men Jesus, som for ei lita stund var sett lågare enn englane, han ser vi no krona med herlegdom og ære fordi han leid og døydde. Slik skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.

10. Gud ville føra mange born til herlegdom. For han og ved han er alle ting. Då måtte han la opphavsmannen til frelsa nå fullendinga gjennom lidingar.

11. Han som helgar, og dei som blir helga, kjem alle frå den eine. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei sysken.

12. Han seier: Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.

13. Og like eins: Eg vil setja mi lit til han.Og vidare: Sjå, eg og borna som Gud har gjeve meg.

14. Sidan borna er av kjøt og blod, måtte han òg fullt ut bli som dei, for at han med sin død skulle gjera ende på han som har dødens makt, det er djevelen,

Les hele kapitlet Hebrearane 2