Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Gløym ikkje å gjera det gode

1. Hald syskenkjærleiken levande!

2. Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det.

3. Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp.

4. Lat ekteskapet haldast i ære av alle, og lat ikkje ektesenga skitnast til. For Gud vil dømma dei som driv hor eller bryt ekteskapet.

5. Lat ikkje kjærleik til pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.

6. Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd. Kva kan menneske gjera meg?

Leiarane i forsamlinga og den rette læra

7. Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på livet deira og utgangen det fekk, og ta deira tru til føredøme!

8. Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.

9. Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjartet blir styrkt ved nåden, ikkje ved bestemte slag mat, for dei som følgjer slike reglar, har aldri hatt nytte av det.

10. Vi har eit altar, og dei som gjer teneste i teltheilagdomen, har ikkje rett til å eta frå det.

11. Øvstepresten ber blodet frå offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppane blir oppbrende utanfor leiren.

12. Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod.

13. Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære.

14. For her på jorda har vi ingen by som varer; vi lengtar etter den som skal koma.

15. Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vår lovprising som offer, det vil seia frukta av lepper som vedkjenner hans namn.

16. Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til glede for Gud.

17. Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles blir det ikkje til gagn for dykk.

Ønske og helsingar

18. Be for oss! Vi veit at vi har eit godt samvit, for vi vil gjerne fara rett fram på alle måtar.

19. Eg bed dykk om forbøn, aller mest for at de så mykje snarare kan få meg tilbake.

20. Fredens Gud, han som i kraft av blodet frå ei evig pakt førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde,

21. må han utrusta dykk med alt godt, så de kan gjera hans vilje. Ja, måtte han ved Jesus Kristus skapa i oss det som er godt i hans auge. Han vere ære i all æve! Amen.

22. Eg bed dykk, sysken, ta vel imot desse orda til formaning og trøyst, sjølv om eg måtte skriva så stutt til dykk.

23. De skal vita at Timoteus, bror vår, er frigjeven. Kjem han snart, skal eg sjå dykk saman med han.

24. Hels alle leiarane dykkar og alle dei heilage! Dei frå Italia sender si helsing.

25. Nåden vere med dykk alle!