Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 6:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Mine sysken, skulle nokon bli gripen i eit feilsteg, så må de som har Anden, hjelpa han til rette. Men gjer det audmjukt og pass deg sjølv, så ikkje du òg blir freista.

2. Ber børene for kvarandre og oppfyll på den måten Kristi lov.

3. Dei som trur dei er noko, sjølv om dei ingenting er, lurer seg sjølve.

4. Kvar og ein skal dømma om si eiga gjerning og få ros for det han sjølv gjer, ikkje for det andre har gjort.

5. For kvar skal bera si eiga bør.

6. Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin.

7. Far ikkje vill! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta.

Les hele kapitlet Galatarane 6