Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filipparane 1:14-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. På grunn av desse lenkjene har dei fleste av syskena våre fått større tillit til Herren, så dei med endå større frimod enn før vågar å forkynna Ordet.

15. Somme gjer det nok av misunning og stridslyst, men andre forkynner Kristus av god vilje.

16. Dei gjer det av kjærleik, for dei veit eg er sett til å forsvara evangeliet.

17. Men dei andre gjer det for å hevda seg sjølve. Dei har ikkje godt i sinne og trur dei kan gjera lenkjene mine tyngre å bera.

18. Men kva gjer det? Kristus blir i alle tilfelle forkynt, om det er med baktankar eller i sanning, og det gleder eg meg over.Ja, eg skal få endå meir å gleda meg over!

19. For eg veit at dette skal bli mi redning, ved dykkar bøner og hjelpa frå Jesu Kristi Ande.

20. Min lengt og mitt håp er at eg ikkje skal bli til skamme på noko vis, men at Kristus, no som alltid, skal opphøgjast for auga på alle ved min kropp, anten det blir liv eller død.

21. Å leva er for meg Kristus, og å døy er ei vinning.

22. Men om eg får vera i live, kan eg gjera eit arbeid som ber frukt, og då veit eg ikkje kva eg skal velja.

23. Eg er dregen til begge sider: Eg har denne lengten etter å bryta opp og vera saman med Kristus, for det er så mykje, mykje betre.

24. Men for dykkar skuld er det naudsynt at eg får leva vidare,

25. og fordi eg er viss på dette, veit eg at eg skal få leva, ja, bli verande hos dykk alle og hjelpa dykk til framgang og glede i trua.

Les hele kapitlet Filipparane 1