Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filemon 1:8-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt.

9. Men for kjærleiken skuld kjem eg heller med ei bøn. Her er eg, den aldrande Paulus, no òg som Kristi Jesu fange,

10. og eg bed deg for barnet mitt som eg har fått her eg sit i lenkjer: Onesimos.

11. Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig for både meg og deg.

12. Når eg no sender han tilbake til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarte.

13. Eg hadde gjerne hatt han hos meg, så han i din stad kunne tena meg når eg no er i lenkjer for evangeliet.

14. Men utan ditt samtykke ville eg ikkje gjera nokon ting, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje.

15. Kan henda vart han teken frå deg for ei stund så du skal få han att for alltid,

16. ikkje lenger som slave, men som noko mykje høgare enn ein slave, som ein kjær bror. Det er han sanneleg for meg. Kor mykje meir må han då ikkje vera det for deg, både som menneske og i Herren.

17. Så sant du held meg for ein du har fellesskap med, så ta imot han som meg sjølv.

18. Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning!

19. Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv.

20. Ja, bror, lat meg ha nytte av deg i Herren! Gjer mitt hjarte roleg i Kristus!

Les hele kapitlet Filemon 1