Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filemon 1:14-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Men utan ditt samtykke ville eg ikkje gjera nokon ting, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje.

15. Kan henda vart han teken frå deg for ei stund så du skal få han att for alltid,

16. ikkje lenger som slave, men som noko mykje høgare enn ein slave, som ein kjær bror. Det er han sanneleg for meg. Kor mykje meir må han då ikkje vera det for deg, både som menneske og i Herren.

17. Så sant du held meg for ein du har fellesskap med, så ta imot han som meg sjølv.

18. Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning!

19. Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv.

20. Ja, bror, lat meg ha nytte av deg i Herren! Gjer mitt hjarte roleg i Kristus!

21. I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er sikker på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om.

22. Og ein ting til: Gjer klart gjesterommet til meg! For eg håpar at eg skal bli gjeven til dykk som svar på bønene dykkar.

23. Epafras, som er i fengsel saman med meg for Kristi Jesu skuld, helsar deg.

24. Det gjer òg Markus, Aristarkos, Demas og Lukas, medarbeidarane mine.

25. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!

Les hele kapitlet Filemon 1