Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Born, ver lydige mot foreldra dykkar i Herren, for det er rett.

2. Du skal æra far din og mor di, dette er det første bodet som òg har ein lovnad:

3. så det kan gå deg vel og du får leva lenge i landet.

4. Foreldre, vekk ikkje sinne og trass hos borna, men gjev dei omsorg, så dei får ei oppseding og rettleiing som er etter Herrens vilje.

5. Slavar, ver lydige mot dykkar jordiske herrar som mot Kristus sjølv, med respekt og ærefrykt og av eit ærleg hjarte.

6. Ver ikkje augnetenarar, som berre vil gjera menneske til lags, men Kristi tenarar, som heilhjarta gjer Guds vilje.

7. Gjer teneste med eit villig sinn; det er Herren og ikkje menneske de tener.

8. De veit at kvar og ein skal få løn av Herren for det gode han gjer, anten han er fri eller slave.

9. Og de herrar, gjer det same mot slavane. Lat vera å truga! De veit at både dei og de har same Herren i himmelen, og han gjer ikkje forskjell på folk.

Guds rustning

10. Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft!

11. Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak.

12. For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet.

13. Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande.

14. Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje,

15. og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå.

16. Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde.

17. Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord.

18. Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

19. Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna mysteriet i evangeliet,

20. det som eg er sendebod for òg når eg er i lenkjer. Be om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Sluttord

21. Tykikos skal fortelja dykk alt, så de òg får vita korleis eg har det og korleis det står til med meg. Han er vår høgt elska bror og ein trufast tenar i Herren.

22. Eg sender han til dykk for at de skal få høyra korleis vi har det, og for at han skal gje dykk mot i hjarta.

23. Fred vere med syskena, og kjærleik og tru frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

24. Nåde vere med alle som elskar vår Herre Jesus Kristus i eit liv som aldri skal forgå!