Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Frå død til liv

1. De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar.

2. De levde i dei slik ein gjer i denne verda og lét dykk leia av han som styrer i himmelrommet, den ånda som no verkar i dei ulydige.

3. Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi følgde lystene i vårt eige kjøt og blod, vi gjorde det vårt kjøt og våre eigne tankar ville. Og vi var av naturen vreidens born liksom alle dei andre.

4. Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik,

5. gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste.

6. I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han,

7. så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus.

8. For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.

9. Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv.

10. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Kristus sameinar heidningar og jødar

11. De var ein gong heidningar av fødsel og vart kalla uomskorne av dei som kallar seg omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.

12. Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, framande for paktene og lovnaden, ja, utan håp og utan Gud i verda.

13. Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod.

14. For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapen. Med sin eigen kropp

15. sette han lova ut av kraft med hennar bod og forskrifter. Slik skulle han skapa dei to til eitt nytt menneske i seg – og skapa fred.

16. I éin kropp skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og slik gjorde ende på fiendskapen.

17. Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær.

18. Ved han har både de og vi tilgang til Far i éin Ande.

19. Så er de ikkje lenger framande og utlendingar. Nei, de er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til.

20. De er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.

21. I han blir heile bygningen halden saman, så han veks til eit heilagt tempel i Herren,

22. og i han blir de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.