Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Peter i Jerusalem

1. Apostlane og dei brørne som heldt til rundt omkring i Judea, fekk høyra at heidningane òg hadde teke imot Guds ord.

2. Og då Peter kom opp til Jerusalem, gjekk dei omskorne i rette med han

3. og sa: «Du har gått inn til uomskorne og ete saman med dei.»

4. Då tok Peter til orde og greidde ut for dei alt frå først til sist:

5. «Eg var i Jaffa, og medan eg bad, kom eg i ekstase, og eg hadde eit syn. Eg såg noko koma dalande ned; det såg ut som ein stor duk som vart firt ned frå himmelen etter dei fire hjørna, og det kom heilt ned til meg.

6. Eg såg nøye på det og granska det, og då fekk eg sjå dei firføtte dyra på jorda, dei ville dyra, krypdyra og fuglane under himmelen.

7. Og eg høyrde ei røyst som sa til meg: ‘Stå opp, Peter! Slakt og et!’

8. ‘Det kan eg ikkje, Herre!’ svara eg. ‘Aldri har det kome noko vanheilagt eller ureint i min munn.’

9. Då lydde røysta frå himmelen andre gongen: ‘Det som Gud har sagt er reint, skal ikkje du rekna som ureint.’

10. Dette hende tre gonger, og så vart alt teke opp att til himmelen.

11. I det same stod det tre menn utanfor det huset vi var i. Dei var sende til meg frå Cæsarea.

12. Og Anden sa til meg at eg skulle gå med dei utan å nøla. Desse seks brørne vart òg med, og vi gjekk inn i huset til mannen.

13. Han fortalde oss korleis han hadde sett ein engel som stod i huset hans og sa: ‘Send bod til Jaffa etter Simon med tilnamnet Peter!

14. Han skal tala ord som skal bli til frelse for deg og heile ditt hus.’

15. Eg hadde ikkje før teke til å tala, så fall Den heilage ande på dei liksom på oss i den første tida.

16. Då kom eg i hug Herrens ord, at han sa: ‘Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande.’

17. Når Gud har gjeve dei den same gåva som vi fekk då vi kom til tru på Herren Jesus Kristus, kven er då eg, at eg skulle hindra Gud?»

18. Då dei høyrde det, tagna dei. Og dei lova Gud og sa: «Så har då Gud late heidningane òg få venda om til livet!»

Dei første kristne i Antiokia

19. Dei som no hadde vorte spreidde omkring på grunn av den forfølginga som tok til med Stefanus, kom heilt til Fønikia, Kypros og Antiokia. Men dei tala ikkje Ordet til andre enn jødar.

20. Mellom dei var det nokre menn frå Kypros og Kyréne. Då dei kom til Antiokia, forkynte dei evangeliet om Herren Jesus for dei gresktalande òg.

21. Og Herrens hand var med dei. Svært mange kom til tru og vende om til Herren.

22. Ordet om det som hadde hendt, kom forsamlinga i Jerusalem for øyret, og dei sende Barnabas til Antiokia.

23. Då han kom dit og såg kor nådig Gud hadde vore, vart han glad, og han formana dei alle til å halda heilhjarta fast ved Herren.

24. For han var ein god mann, fylt av Heilag Ande og tru. Og mange vart vunne for Herren.

25. Sidan drog han til Tarsos for å leita opp Saulus,

26. som han fann og tok med seg til Antiokia. Der var dei no eit heilt år saman i forsamlinga og underviste mange. Og der i Antiokia var det at læresveinane først gjekk under namnet «kristne».

27. På den tid kom det nokre profetar frå Jerusalem til Antiokia.

28. Ein av dei heitte Agabos, og han stod fram og varsla gjennom Anden at det skulle koma uår og svolt over heile verda. Det var det som hende då Claudius var keisar.

29. Då vart læresveinane samde om at kvar av dei etter evne skulle vera med og senda hjelp til dei syskena som budde i Judea.

30. Det gjorde dei, og dei sende gåva med Barnabas og Saulus til dei eldste.