Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 1:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I den første boka mi, gode Teofilos, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, frå han begynte

2. og heilt til den dagen han vart teken opp til himmelen. Då hadde han ved Den heilage ande gjeve sine påbod til dei apostlane han hadde valt ut.

3. Etter at han hadde lide døden, steig han levande fram for dei med mange klåre bevis på at han levde: I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som høyrer Guds rike til.

4. Ein gong han åt saman med dei, gav han dei dette påbodet: «De skal ikkje dra bort frå Jerusalem, men venta på det som Far har lova, det som de har høyrt av meg.

5. For Johannes døypte med vatn, men de skal døypast med Den heilage ande om nokre få dagar.»

6. Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?»

7. Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt.

8. Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»

9. Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira.

10. Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei

11. og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

12. Då vende dei tilbake til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg nær Jerusalem, berre ei sabbatsreise unna.

13. Inne i byen gjekk dei opp på den salen der dei brukte å halda til. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob.

14. Alle desse heldt trufast saman i bøn, i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 1