Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Johannes 1:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den eldste helsar den kjære Gaius, som eg i sanning elskar.

2. Kjære deg, eg ønskjer at du må få vera frisk og ha det godt på alle vis, liksom du òg har det godt åndeleg.

3. Eg vart inderleg glad då nokre av syskena våre kom og fortalde kor trufast du er mot sanninga, korleis du lever i henne.

4. Ikkje noko gleder meg meir enn å høyra at borna mine lever i sanninga.

5. Kjære deg, du er trufast i all di gjerning for syskena våre, ja, til og med for dei som er framande.

6. I forsamlinga her har dei vitna om kjærleiken din. Du gjer vel om du hjelper dei vidare på reisa. Det er rett for Gud.

7. Det var då for å forkynna Namnet dei drog ut, og dei tek ikkje imot hjelp frå heidningane.

8. Difor skyldar vi å ta oss av dei, så vi kan vera medarbeidarar for sanninga.

9. Eg har skrive nokre ord til forsamlinga. Men Diotrefes, som gjerne vil vera den fremste der, vil ikkje ha noko med oss å gjera.

10. Når eg kjem, skal eg minna han om det han har gjort. For det vonde han seier om oss, er tåpeleg. Men han nøyer seg ikkje med det. Sjølv nektar han å ta imot syskena våre, og når andre vil gjera det, hindrar han dei og støyter dei ut av forsamlinga.

11. Kjære deg, du må ikkje etterlikna det vonde, men det gode! Den som gjer det gode, er av Gud. Den som gjer det vonde, har ikkje sett Gud.

12. Alle gjev Demetrios dei beste vitnemål, ja, sanninga sjølv vitnar for han. Det same gjer vi, og du veit at vårt vitnemål er sant.

13. Eg har enno mykje å skriva til deg, men eg vil ikkje skriva det med papir og blekk.

14. For eg håpar å sjå deg snart, så vi kan tala saman, andlet til andlet.

15. Fred vere med deg! Venene her helsar deg. Du må sjølv helsa venene, kvar einskild med namn.

Les hele kapitlet 3. Johannes 1