Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Timoteus 4:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Så sant som han kjem og opprettar sitt rike, byd eg deg framfor Guds og Kristi Jesu andlet, han som skal dømma levande og døde:

2. Forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst, og gjer alt med tolmodig undervising!

3. For det skal koma ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eige hovud tek seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som kilar i øyret.

4. Dei skal venda øyret frå sanninga og halda seg til mytar.

5. Men du skal vera edru i alt det du gjer! Ber lidingane, gjer evangelistens gjerning og fullfør di teneste!

6. For eg blir no ofra, og tida er komen då eg skal fara herifrå.

7. Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua.

8. No ligg rettferdskransen ferdig for meg, den som Herren, den rettferdige dommaren, skal gje meg på den store dagen, og ikkje berre meg, men alle som har lengta med kjærleik etter at han skal koma.

9. Skund deg og kom til meg så fort du kan.

10. For Demas gjekk frå meg fordi han fekk denne verda kjær. Han har reist til Tessalonika. Kreskens har reist til Galatia, Titus til Dalmatia.

11. Berre Lukas er hos meg. Ta med deg Markus når du kjem; han er til stor hjelp for meg i tenesta.

Les hele kapitlet 2. Timoteus 4