Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Timoteus 2:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Kom Jesus Kristus i hug, han som vart reist opp frå dei døde og er av Davids ætt. Dette er mitt evangelium.

9. For det lid eg vondt, ja, for det er eg bunden i lenkjer som ein forbrytar. Men Guds ord er ikkje bunde!

10. Difor toler eg alt for dei utvalde, så dei òg skal vinna frelsa i Kristus Jesus og få evig herlegdom.

11. Det er eit truverdig ord:Har vi døydd med han,skal vi òg leva med han.

12. Held vi ut,skal vi òg herska i lag med han.Fornektar vi,skal han òg fornekta oss.

13. Er vi trulause,så er han endå trufast,for han kan ikkje fornekta seg sjølv.

14. Dette skal du minna dei om! For Guds andlet skal du seia frå at dei ikkje må krangla og tretta. Det tener ikkje til noko, men er berre til skade for dei som høyrer på.

15. Gjer det du kan for å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skamma seg over, men legg fram det sanne ordet utan omvegar.

16. Vend ryggen til gudlaus og tom tale. For dei som talar slik, går berre lenger og lenger i gudløyse,

17. og orda deira et om seg som kaldbrann. Mellom dei er Hymeneos og Filetos.

18. Dei er komne på avvegar, bort frå sanninga, for dei seier at oppstoda alt har skjedd, og dei bryt ned trua hos folk.

19. Men Guds faste grunnvoll står og har eit segl med denne innskrifta: «Herren kjenner sine», og: «Kvar den som vedkjenner seg Herrens namn, skal venda seg bort frå urett».

20. I eit stort hus er det ikkje berre kar av gull og sølv, men òg av tre og leire, dei første til fint bruk, dei andre til simplare bruk.

21. Den som reinsar seg og held seg borte frå slike ting, blir eit kar til fint bruk; det er vigsla og nyttig for herren i huset og gjort ferdig til all god gjerning.

Les hele kapitlet 2. Timoteus 2