Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Tessalonikar 3:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til slutt, sysken, be for oss at Herrens ord må få fritt løp og haldast i ære, liksom hos dykk!

2. Og be om at vi må bli berga frå vrange og vonde menneske – for det er ikkje alle som trur.

3. Men Herren er trufast, han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.

4. Og i Herren har vi den tillit til dykk at de gjer og kjem til å gjera det vi byd dykk.

5. Gjev Herren må leia hjartet dykkar fram til Guds kjærleik og Kristi tolmod!

6. Vi byd dykk, sysken, i Herren Jesu Kristi namn, at de held dykk unna alle sysken som ikkje held orden på livet sitt og ikkje retter seg etter den overleveringa de fekk av oss.

7. De veit sjølve korleis de må leva om de vil likna oss. For vi levde ikkje eit latmannsliv hos dykk,

8. og vi åt ikkje vårt brød hos nokon utan å betala. Vi arbeidde natt og dag; vi streva og sleit så vi ikkje skulle vera ei bør for nokon av dykk.

9. Vi har nok full rett til livsopphald, men vi ville gje dykk eit føredøme så de kunne etterlikna oss.

10. For då vi var hos dykk, gav vi dykk dette påbodet: Den som ikkje vil arbeida, skal heller ikkje eta.

11. Men no høyrer vi at somme av dykk ikkje held orden på livet sitt; dei passar ikkje arbeidet sitt, dei berre går og driv.

Les hele kapitlet 2. Tessalonikar 3