Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Tessalonikar 1 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Helsing

1. Paulus, Silvanus og Timoteus helsar forsamlinga i Tessalonika, i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

2. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Dommen når Herren kjem att

3. Vi må alltid takka Gud for dykk, sysken, som rett er. For trua dykkar veks seg stadig rikare, og kjærleiken de har til kvarandre, blir større hos kvar og ein av dykk.

4. Når vi fortel om dykk i Guds forsamlingar, kan vi difor vera stolte over det tolmod og den tru de viser i alle dei forfølgingar og trengsler de må tola.

5. Dette er eit varsel om Guds rettferdige dom, då de skal finnast verdige til Guds rike, som de no lid for.

6. For det er rettferdig i Guds auge at dei som fører trengsler over dykk, skal han gje trengsler att;

7. og dykk som lid trengsler, skal han gje lindring saman med oss når Herren Jesus openberrar seg frå himmelen. Han kjem med sine mektige englar

8. i logande eld og straffar dei som ikkje kjenner Gud, og dei som ikkje er lydige mot vår Herre Jesu evangelium.

9. Straffa dei skal lida, blir ei evig fortaping borte frå Herrens andlet og borte frå hans herlegdom og makt,

10. den dagen han kjem og skal lovprisast mellom sine heilage og tilbedast av alle som trur. Og de har trudd det vitnemålet vi bar fram.

11. Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, og fylla dykk heilt med vilje til det gode og med ei tru som med kraft viser seg i gjerning.

12. Då skal vår Herre Jesu namn bli herleggjort i dykk, og de i han, ved vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.