Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 12:9-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap.» Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg.

10. Og difor er eg, for Kristi skuld, glad når eg er veik, når eg blir mishandla, når eg er i naud, i forfølging og i angst. For når eg er veik, då er eg sterk.

11. Så har eg likevel gått frå vitet! De har tvinga meg til det, endå det var de som skulle ha lagt inn eit godt ord for meg. For eg er ikkje noko dårlegare enn desse superapostlane, endå eg ingenting er.

12. Dei teikna som er kjennemerke på ein apostel, har eg med stort tolmod gjort mellom dykk, både teikn, under og mektige gjerningar.

13. Vart de sette lågare enn dei andre forsamlingane? Det måtte i så fall vera at eg ikkje har vore ei bør for dykk. Tilgjev meg den uretten!

14. No er det tredje gongen eg står klar og skal reisa til dykk. Eg skal ikkje vera ei bør for dykk; for det er ikkje det de eig, eg er ute etter, men dykk sjølve. Det er då ikkje borna som skal samla rikdom til foreldra, men foreldra til borna.

15. Men eg vil gjerne ofra alt, ja, sjølv bli ofra for dykkar skuld. Skal eg då bli mindre elska fordi eg elskar dykk meir?

16. Det kan vera som somme seier, at eg ikkje har vore ei bør for dykk, men at eg er slu og har vunne dykk med list.

17. Har eg kanskje sendt nokon til dykk for eiga vinning skuld?

Les hele kapitlet 2. Korintar 12