Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Korintar 12:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Dei teikna som er kjennemerke på ein apostel, har eg med stort tolmod gjort mellom dykk, både teikn, under og mektige gjerningar.

13. Vart de sette lågare enn dei andre forsamlingane? Det måtte i så fall vera at eg ikkje har vore ei bør for dykk. Tilgjev meg den uretten!

14. No er det tredje gongen eg står klar og skal reisa til dykk. Eg skal ikkje vera ei bør for dykk; for det er ikkje det de eig, eg er ute etter, men dykk sjølve. Det er då ikkje borna som skal samla rikdom til foreldra, men foreldra til borna.

15. Men eg vil gjerne ofra alt, ja, sjølv bli ofra for dykkar skuld. Skal eg då bli mindre elska fordi eg elskar dykk meir?

16. Det kan vera som somme seier, at eg ikkje har vore ei bør for dykk, men at eg er slu og har vunne dykk med list.

17. Har eg kanskje sendt nokon til dykk for eiga vinning skuld?

18. Eg bad Titus reisa og sende ein annan bror med han. Har Titus utnytta dykk? Har ikkje han og eg gått fram i den same ånd og gått i dei same fotspora?

19. No har de nok lenge tenkt at vi forsvarar oss for dykk. Men det er for Guds andlet vi talar, i Kristus. Og alt dette er sagt, så de, mine kjære, skal bli oppbygde.

20. For eg er redd at eg ikkje skal finna dykk slik som eg vil, når eg kjem, og at de ikkje skal finna meg slik de vil. Eg er redd eg skal finna strid, misunning, sinne, sjølvhevding, baktale, sladder, hovmod og opprør.

21. Ja, eg er redd min Gud på nytt skal audmjuka meg mellom dykk når eg kjem og må sørgja over mange, fordi dei har synda og ikkje angra all den ureinskap, hor og skamløyse dei har drive med.

Les hele kapitlet 2. Korintar 12