Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 5:16-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Om ei truande kvinne har enkjer hos seg, skal ho sørgja for dei og ikkje la dei bli ei bør for forsamlinga. Så kan forsamlinga ta seg av dei enkjene som er åleine.

17. Eldste som er gode leiarar i forsamlinga, fortener dobbel løn, særleg dei som arbeider med forkynning og opplæring.

18. For Skrifta seier: Du skal ikkje setja muleband på ein okse som treskjer, og: Ein arbeidar er verd si løn.

19. Godta ikkje skuldingar mot ein eldste utan at det finst to eller tre vitne.

20. Dei som syndar, skal du tala til rette medan alle høyrer på, til åtvaring for andre.

21. Eg byd deg for Guds og Kristi Jesu andlet og for dei utvalde englane at du skal halda dette, utan fordommar og utan å gjera forskjell på folk.

22. Ver ikkje for snar til å leggja hendene på nokon, og bli ikkje medskuldig i synder som andre gjer. Hald deg sjølv rein.

23. Drikk ikkje lenger berre vatn, men bruk litt vin for magen din, og fordi du så ofte er sjuk.

24. Hos nokre menneske er syndene synlege for alle og går føre dei til dommen, hos andre følgjer dei etter.

25. På same måten er dei gode gjerningane synlege. Og er dei ikkje det, skal dei koma for dagen.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 5