Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 4:5-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. for det blir helga med Guds ord og bøn.

6. Når du lærer syskena dette, er du ein god Kristi Jesu tenar. Då nærer du deg av det ordet som skaper tru og av den gode læra som du har følgt.

7. Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tomt snakk. Øv deg heller i gudsfrykt.

8. For kroppsleg øving er nyttig til noko, men gudsfrykta er nyttig til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem.

9. Det er eit truverdig ord, vel verdt å ta imot.

10. Difor er det vi strevar og kjempar. For vi har sett vårt håp til den levande Gud, han som er frelsar for alle menneske, men først og fremst for dei som trur.

11. Dette skal du gje påbod om når du underviser.

12. Lat ingen sjå ned på deg fordi du er ung, men ver eit førebilete for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik.

13. Ta deg særskilt av skriftlesinga, formaninga og opplæringa, heilt til eg kjem.

14. Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.

15. Legg vinn på alt dette, lev i det, så alle kan sjå at du gjer framsteg.

16. Gjev akt på deg sjølv og på læra! Hald fram med det! For gjer du det, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 4