Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Vranglære i dei siste tider

1. Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vill, og til lære som kjem frå demonar

2. og blir boren fram av hyklarar og løgnarar som har fått samvitet avsvidd.

3. Dei forbyd folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å bli motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga.

4. For alt det Gud har skapt, er godt, og ikkje noko skal forkastast når det blir motteke med takk,

5. for det blir helga med Guds ord og bøn.

Ansvaret for forsamlinga

6. Når du lærer syskena dette, er du ein god Kristi Jesu tenar. Då nærer du deg av det ordet som skaper tru og av den gode læra som du har følgt.

7. Men vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tomt snakk. Øv deg heller i gudsfrykt.

8. For kroppsleg øving er nyttig til noko, men gudsfrykta er nyttig til alt. Ho ber i seg lovnad både for dette livet og for det som kjem.

9. Det er eit truverdig ord, vel verdt å ta imot.

10. Difor er det vi strevar og kjempar. For vi har sett vårt håp til den levande Gud, han som er frelsar for alle menneske, men først og fremst for dei som trur.

11. Dette skal du gje påbod om når du underviser.

12. Lat ingen sjå ned på deg fordi du er ung, men ver eit førebilete for dei truande i ord og gjerning, i kjærleik, truskap og reinleik.

13. Ta deg særskilt av skriftlesinga, formaninga og opplæringa, heilt til eg kjem.

14. Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg.

15. Legg vinn på alt dette, lev i det, så alle kan sjå at du gjer framsteg.

16. Gjev akt på deg sjølv og på læra! Hald fram med det! For gjer du det, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.