Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Framsteg i heilagt liv og kjærleik

1. Elles, sysken, bed vi dykk og legg dykk på hjartet i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til glede for Gud, og slik lever de alt no. Men de må gjera endå større framsteg i dette!

2. For de veit kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus.

3. For dette er Guds vilje: at de skal vera heilage, så de held dykk borte frå hor.

4. Kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,

5. ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud.

6. Ingen må gjera bror sin urett eller lura han i dette. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjartet.

7. For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv.

8. Den som avviser dette, han avviser difor ikkje eit menneske, men han avviser Gud, som gjev dykk sin heilage Ande.

9. Om syskenkjærleiken treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre.

10. Og de viser denne kjærleiken mot alle syskena våre i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjartet, sysken, at de må gjera endå større framsteg i dette.

11. De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har bode dykk,

12. så de kan gå sømeleg fram mellom dei som er utanfor, og ikkje treng be nokon om hjelp.

Når Herren kjem

13. Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om dei som har sovna inn, så de ikkje skal sørgja som dei andre, dei som er utan håp.

14. For så sant Jesus døydde og stod opp, og det trur vi, så skal òg Gud ved Jesus føra dei som har sovna inn, saman med han.

15. Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som enno lever og blir att her heilt til Herren kjem, skal slett ikkje koma før dei som har sovna inn.

16. For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen, og dei døde i Kristus skal først stå opp.

17. Så skal vi som har vorte att og enno lever, rykkjast bort saman med dei i skyene og møta Herren i lufta. Og så skal vi alltid vera saman med Herren.

18. Trøyst kvarandre og set mot i kvarandre med desse orda!