Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 1:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Paulus, Silvanus og Timoteus helsar forsamlinga i Tessalonika, i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus. Nåde og fred vere med dykk!

2. Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre.

3. For vår Gud og Fars andlet hugsar vi stadig korleis trua dykkar viser seg i gjerning, kjærleiken i arbeid og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod.

4. De er elska av Gud, sysken, og vi veit at de er utvalde.

5. For då evangeliet kom til dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den heilage ande og med full overtyding. De veit kva vi gjorde hos dykk, for dykkar skuld.

6. Og de etterlikna oss, ja, de etterlikna Herren sjølv, då de under hard motgang tok imot Ordet med den glede som Den heilage ande gjev.

7. Slik vart de eit føredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.

8. For frå dykk har Herrens ord fått lyda vidt utover. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har dei høyrt om dykkar tru på Gud, så den treng ikkje vi seia noko om.

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 1