Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 9:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Har vi sådd det åndelege blant dykk, er det då for mykje om vi får hausta av det materielle?

12. Om andre har rett til dette hos dykk, skulle ikkje vi ha det endå meir? Men vi har ikkje nytta denne retten. Vi finn oss i alt, så vi ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium.

13. Veit de ikkje at dei som gjer teneste i tempelet, får eta av det som kjem inn til tempelet, og at dei som tener ved altaret, får sin del av det som blir ofra på altaret?

14. På same måten har Herren gjeve påbod om at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet.

15. Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg har heller ikkje skrive dette for å gjera krav på dei. For eg ville heller døy – ingen skal ta frå meg dette som eg er så stolt av.

16. For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å skryta av; det ligg på meg som ein tvang. Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet!

17. Gjer eg det frivillig, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er tiltrudd meg.

18. Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet utan kostnad for nokon og ikkje nyttar den retten som evangeliet gjev meg.

19. Endå eg er fri og ikkje slave for nokon, har eg gjort meg til slave for alle for å vinna så mange som råd.

20. For jødane har eg vorte som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vorte lik ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova.

21. For dei som er utan lov, har eg vorte som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov.

22. For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i alle fall kan frelsa nokre.

Les hele kapitlet 1. Korintar 9