Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Korintar 2:8-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent. Hadde dei kjent den, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.

9. Men som det står skrive:Det auge ikkje såg og øyre ikkje høyrde,det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte,alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han,

10. det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden utforskar alle ting, til og med djupnene i Gud.

11. For kven veit kva som bur i mennesket, utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud.

12. Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.

13. Og dette talar vi om med ord som Anden har lært oss, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss. For det åndelege tolkar vi med ord som høyrer Anden til.

14. Menneska slik dei er i seg sjølve, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er dårskap for dei, og dei kan ikkje forstå det, for det kan berre dømmast om på åndeleg vis.

15. Men det mennesket som har Anden, kan dømma om alt, og sjølv kan det ikkje dømmast av nokon.

16. For kven kjende Herrens sinn, så han kunne gje han råd?Men vi har Kristi sinn.

Les hele kapitlet 1. Korintar 2