Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Johannes 3:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Den som blir verande i han, syndar ikkje. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.

7. Mine born, lat ingen føra dykk vill! Den som gjer det som er rett, er rettferdig, slik Kristus er rettferdig.

8. Den som gjer synd, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.

9. Den som er fødd av Gud, gjer ikkje synd. For det Gud har sådd, blir verande i han. Han kan ikkje synda, for han er fødd av Gud.

10. Slik viser det seg kven som er Guds born, og kven som er djevelens born: Den som ikkje gjer det som er rett, og ikkje elskar bror sin, er ikkje av Gud.

11. For dette er den bodskapen de har høyrt frå første stund: Vi skal elska kvarandre.

12. Vi må ikkje vera som Kain, som var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.

13. De må ikkje undra dykk, sysken, om verda hatar dykk.

14. Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, for vi elskar syskena våre. Den som ikkje elskar, er og blir i døden.

15. Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg.

Les hele kapitlet 1. Johannes 3