Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sefanja 3:10-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Frå landet bortanfor elvane i Kusjskal dotter mi, mitt spreidde folk som tilbed meg,koma til meg med offergåver.

11. Den dagen skal du ikkje skamma degover alle ugjerningane du gjorde mot meg.For då tek eg skrythalsane bort frå deg.Du skal ikkje meir vera stoltpå mitt heilage fjell.

12. Eg lèt det bli att hos degeit audmjukt og fattig folk.Dei skal ta si tilflukt til Herrens namn.

13. Dei som er att av Israel,gjer ingen urettog talar ikkje løgn,ingen svikefull tale finst i deira munn.Når dei går på beite, kviler dei trygt,ingen skremmer dei.

14. Bryt ut i jubel, dotter Sion!Rop av fryd, Israel!Gled deg, dotter Jerusalem,jubla av heile ditt hjarte!

15. Herren har fria deg frå dommen,drive fiendane dine bort. Herren, Israels konge, er hos deg,du skal ikkje lenger vera redd noko vondt.

16. Den dagen skal dei seia til Jerusalem:Sion, ver ikkje redd!Lat ikkje hendene siga!

17. Herren din Gud er hos deg,ein helt som frelser.Han gleder og frydar seg over deg,viser deg atter sin kjærleik.Han jublar over deg med fryd

18. som på ein høgtidsdag.Eg friar deg frå den dagendu måtte tola spott.

19. Sjå, på den tida grip eg innmot alle dei som plagar deg,eg bergar dei haltande,og dei bortdrivne samlar eg.Eg gjev dei eit godt namn og ryktei alle land der dei hadde vorte til skamme.

20. På den tida fører eg dykk,då samlar eg dykk.For eg vil gje dykk eit godt namn og ryktemellom alle folk på jordanår eg for auga på dykkvender dykkar lagnad,seier Herren.

Les hele kapitlet Sefanja 3