Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sefanja 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Søk Herren

1. Samla dykk! Kom saman,du folk utan skam,

2. før det som er fastsett, blir sett i verkog dagen fyk bort som agner,før Herrens brennande vreide kjem over dykk,før Herrens vreidedag kjem over dykk!

3. Søk Herren,alle de audmjuke i landet,de som følgjer hans bod!Søk rettferd, ver audmjuke,så finn de kanskje lypå Herrens vreidedag.

Dom over andre folkeslag

4. Gaza skal liggja folketomtog Asjkalon bli ei øydemark.Asjdod skal drivast bort midt på lyse dagenog Ekron rykkjast opp.

5. Ve dykk kretarar som bur ved kysten!Dette er Herrens ord mot dykk:«Kanaan, du filistarland,eg legg deg i øyde så ingen kan bu der.

6. Kysten skal bli til beitemarkmed brønnar for gjetaraneog kveer for småfeet.»

7. Dei som er att av Judas hus,skal ha kysten som beiteland.Om kvelden skal dei leggja seg til kvilei husa i Asjkalon.For Herren deira Gud skal sjå til dei,han skal venda deira lagnad.

8. Eg høyrde spott frå Moabog hån frå ammonittanedå dei spotta folket mittog briska seg mot landet.

9. Difor seier Herren over hærskarane, Israels Gud:Så sant eg lever,skal det gå Moab som Sodomaog ammonittane som Gomorra;dei skal bli ei tistelmark,ei saltgruve,ei øydemark for alltid.Dei som er att av folket mitt,skal plyndra dei,ein rest av folket skal ta dei i eige.

10. Dette får dei att for sitt overmot,fordi dei spotta og såg ned påfolket til Herren over hærskarane.

11. Herren vekkjer frykt hos deinår han utryddar alle gudane på jorda.Alle folkeslag frå fjerne kystarskal koma og tilbe han, kvar frå sin stad.

12. De òg, kusjittar,skal gjennomborast av mitt sverd.

13. Han lyfter handa mot nordog øydelegg Assur.Han gjer Ninive til øydemark,tørr som ein ørken.

14. Midt i henne skal buskapar kvilaog alle slag ville dyr.Pelikan og hegre skal sovapå søylehovudaog ugla tuta frå vindauga,på dørstokken skal ramnen sitja.Sederpanelet blir rive av.

15. Dette er den jublande byen,ho som låg så trygt og sa i sitt hjarte:«Eg – og ingen annan!»Kor aud ho har vorte,ein kvileplass for villdyr!Alle som dreg forbi,plystrar hånleg til henneog slår ut med hendene.