Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Sefanja 1 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herrens ord som kom til Sefanja, son til Kusji, son til Gedalja, son til Amarja, son til Hiskia, i dei dagane då Josjia, son til Amon, var konge i Juda.

Dommen over Jerusalem

2. Eg riv bort,alt riv eg bort frå jorda,seier Herren.

3. Eg riv bort både menneske og dyr,fuglane under himmelen og fiskane i havet,eg lèt dei urettferdige snubla.Eg utryddar menneska frå jorda,seier Herren.

4. Eg lyfter handa mot Juda,mot alle som bur i Jerusalem.Eg utryddar frå denne stadenalt som er att av Baal,og namnet til avgudsprestanesaman med prestane.

5. Eg utryddar dei som tilbedhimmelhæren på taka,dei som tilbed Herren og sver ved hanog samtidig sver ved Milkom,

6. og dei som vender Herren ryggen,som ikkje søkjer Herrenog ikkje spør han til råds.

7. Ver still for Herren Gud,for Herrens dag er nær! Herren har laga til eit slaktoffer,han har helga dei han har bode inn.

8. På dagen for Herrens slaktofferskal eg straffa fyrstar og kongssønerog alle som kler seg i framand drakt.

9. Eg skal straffaalle som spring over dørstokken den dagen,dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.

10. Den dagen, seier Herren,skal det høyrast skrik frå Fiskeporten,jammer frå Nybyenog eit høgt klagerop frå høgdene.

11. Hyl, de som bur i Nedrebyen,for heile kremmarfolket er gjort til inkjes,utrydda er alle som vog opp sølv.

12. På den tida skaleg gjennomsøkja Jerusalem med lysog straffa mennene der,dei som sit sløve i sin vinrusog seier i sitt hjarte:«Herren gjer korkje godt eller vondt.»

13. Det dei eig, skal plyndrastog husa deira øydeleggjast.Byggjer dei hus, får dei ikkje bu i dei,plantar dei vinmarker, får dei ikkje drikka vinen.

Herrens dag er nær

14. Nær er Herrens store dag;han er nær og kjem med hast!Høyr, beisk er Herrens dag,då ropar krigaren høgt.

15. Ein vreidedag er den dagen,ein dag med naud og trengsle,ein dag med øydelegging og herjing,ein dag med mørker og dimme,ein dag med skyer og skodde,

16. ein dag med hornlåt og hærropmot festningsbyar,mot høge borgtårn.

17. Då vil eg senda trengsleså folk går som i blinde,for dei har synda mot Herren.Blodet deira skal tømmast ut som slamog innvolane deira som møkk.

18. Sølv og gull kan ikkje berga deipå Herrens vreidedag.Elden frå hans lidenskap skal øyda heile jorda.For han utryddar,ja, han gjer brått ende påalle som bur på jorda.