Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 74:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein læresalme av Asaf.Gud, kvifor har du støytt oss bort for alltid?Kvifor flammar din vreide mot dei du gjeter?

2. Kom i hug flokken du vann deg i gammal tid,din eigen stamme som du fria ut,Sion-fjellet der du slo deg ned.

3. Gå opp til ruinen som ligg knust for alltid!I heilagdomen har fienden øydelagt alt.

4. Motstandarane brølte der du samlar ditt folk.Sine eigne hærmerke sette dei opp.

5. Det var som når ein lyfter øksar i tjukke skogen.

6. Slik slo dei sund alt det utskornemed øks og med brekkstong.

7. Dei sette eld på din heilagdom,dei vanhelga og reiv nedstaden der namnet ditt bur.

8. Dei tenkte: «Vi underkuar dei alle saman!»Dei brende alle Guds samlingsstader i landet.

9. Vi ser ikkje våre eigne merke.Profetar finst ikkje lenger.Ingen hos oss veitkor lenge dette skal vara.

10. Kor lenge, Gud, skal fienden spotta?Skal motstandaren forakta ditt namn for alltid?

11. Kvifor held du høgre handa tilbake?Lyft handa frå fangetog gjer slutt på dette!

12. Men Gud, min konge frå gammal tid,du som gjer frelsesverk på jorda,

13. du kløyvde havet med di maktog krasa hovuda til uhyra i vatnet.

14. Du slo sund hovuda til Leviatanog gav han til føde for folket i ørkenen.

15. Du braut veg for kjelder og bekker,du tørka ut mektige elvar.

16. Din er dagen, og di er natta,du sette himmellysa og sola på plass.

Les hele kapitlet Salmane 74