Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 3:10-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Då sa han: «Velsigna er du av Herren, dotter mi! Du har vist endå større truskap enn før ved ikkje å gå etter dei unge mennene, verken dei fattige eller dei rike.

11. Og no, dotter mi, ver ikkje redd! Alt det du seier, vil eg gjera for deg. For alle som bur i byen, veit at du er ei heiderleg kvinne.

12. Det er sant at eg er løysingsmannen, men det er ein annan løysingsmann som er nærare enn eg.

13. Sov her i natt, og om han vil løysa deg ut i morgon, så lat han gjera det. Men om han ikkje vil løysa deg ut, skal eg gjera det sjølv, så sant Herren lever! Berre ligg her til i morgon tidleg!»

14. Ho vart liggjande ved føtene hans til morgonen, men ho stod opp før folk kunne kjenna kvarandre att. For han sa til seg sjølv: «Det må ikkje bli kjent at kvinna kom hit til treskjeplassen.»

15. Så sa han: «Kom hit med sjalet du har på deg, og hald det fram!» Og då ho heldt sjalet fram, målte han opp seks mål bygg og la på henne. Så gjekk han inn til byen.

16. Då Rut kom til svigermor si, spurde ho: «Korleis gjekk det med deg, dotter mi?» Og ho fortalde henne alt det mannen hadde gjort mot henne,

17. og la til: «Desse seks måla med bygg gav han meg, for han sa: Du skal ikkje koma tomhendt heim til svigermor di.»

18. Då sa Noomi: «Hald deg no i ro, dotter mi, til du får vita korleis saka fell ut. For den mannen unner seg ikkje kvile før han får saka ordna, og det alt i dag.»

Les hele kapitlet Rut 3