Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Når du har kausjonert for ein annan

1. Son min, har du kausjonert for ein annanog gjeve handslag til ein framand,

2. har orda dine fått deg i snara,er du fanga av det du har sagt,

3. så gjer då dette og berga deg, son,sidan ein annan har fått makt over deg:Gå av stad, ver audmjuk, treng deg inn på mannen!

4. Unn deg ikkje blund på auga,og lat ikkje augneloka kvila!

5. Berg deg unna som ein gasell frå jegeren,som ein fugl frå fangarens hand!

Gå til mauren og bli vis

6. Gå til mauren, du late,sjå kva han gjer, og bli vis!

7. Han har ingen hærførar,korkje oppsynsmann eller herskar.

8. Likevel syter han for mat om sommarenog samlar inn føde om hausten.

9. Kor lenge vil du liggja, du late,når vil du vakna og stå opp?

10. Berre sov litt til, ein ørliten blund,legg hendene saman og kvil deg ei stund.

11. Då kjem fattigdom på deg som farande fantog nauda som velvæpna mann.

Med svik i hjartet

12. Eit vondsinna menneske, ein ugjerningsmann,er den som går omkring med falsk tunge,

13. som sender hånlege blikk med auga,skrapar med fotenog gjer teikn med fingrane.

14. Han har svik i hjartetog tenkjer ut vondt,alltid skaper han strid.

15. Difor kjem ulukka brått over han,med eitt blir han knust og kan ikkje lækjast.

16. Seks er dei ting som Herren hatar,og sju har han avsky for:

17. hovmodige auge og svikefull tunge,hender som auser ut skuldlaust blod,

18. eit hjarte som legg vonde planar,raske føter som spring etter vondt,

19. det falske vitnet som fer med løgn,og den som skaper strid mellom brør.

Utruskap øydelegg livet

20. Son min, hald fast på boda som far din gav deg,forkast ikkje rettleiing frå mor di!

21. Bind dei alltid til hjartet ditt,knyt dei om halsen!

22. Når du går, skal dei leia deg,når du ligg, skal dei verna deg,og når du vaknar, skal dei tala til deg.

23. For bodet er ei lykt og rettleiinga eit lys,formaning og tilrettevising er vegen til livet.

24. Dei skal verna deg mot ei vond kvinne,mot den sleipe tunga til ei framand kvinne.

25. Trå ikkje etter venleiken hennar i ditt hjarte,lat henne ikkje fanga deg med sine augnekast!

26. Ei hore kan du få for ein brødleiv,men ei kvinne som høyrer ein annan til,driv jakt på eit dyrebart liv.

27. Kan ein sanka glør i fangetutan at kleda tek til å brenna?

28. Eller kan ein gå på glødande kolutan at føtene blir svidde?

29. Slik går det med densom går inn til ein annan manns kone.Ingen som rører henne,kjem ustraffa frå det.

30. Ingen foraktar ein tjuvnår han stel for å stilla svolten.

31. Men blir han gripen, må han bøta sjudobbelt,han må gje frå seg alt det han har i huset.

32. Vitlaus er den som driv hor med ei kvinne,slikt gjer berre den som vil øydeleggja livet sitt!

33. Skam og skade får han,og ingen stryk ut hans vanære.

34. For sjalusi vekkjer harme i mannen,han viser ingen nåde den dag han tek hemn.

35. Bøter bryr han seg ikkje om,stikk du til han store summar, tek han ikkje imot.