Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Som snø om sommaren og regn i innhaustinga,så lite høver ære for dåren.

2. Lik sporv og svale som flaksar og flyg,er grunnlaus forbanning, ho råkar ikkje.

3. Svepe til hesten, taum til eseletog ris til ryggen på dårar!

4. Svar ikkje dåren like dumt som han spør,elles blir du sjølv som han.

5. Svar dåren like dumt som han spør,så han ikkje blir vis i eigne auge.

6. Den som sender bod med ein dåre,høgg føtene av seg og drikk vald.

7. Slappe heng føtene på den lammeog ordtak i munnen på dårar.

8. Lik den som legg stein i slyngja,er den som gjev ein dåre ære.

9. Lik ei tornegrein i handa på ein drankarer eit ordtak i munnen på dårar.

10. Lik ein bogeskyttar som sårar kvar og ein,er den som leiger ein dåreeller folk som tilfeldigvis går forbi.

11. Lik hunden som snur seg til sitt eige spy,er ein dåre som tek opp att sin dårskap.

12. Ser du ein mann som er vis i eigne auge?Det er større håp for dåren enn for han.

13. Den late seier:«Det er eit villdyr på vegen,ei løve på torget!»

14. Døra svingar på gjenga,den late snur seg i senga.

15. Den late stikk handa i fatet,men gidd ikkje ta henne til munnen.

16. Den late er visare i eigne augeenn sju som gjev kloke svar.

17. Lik ein som tek tak i øyra på ein hund,er den som kjem forbiog ryk opp i sinne for ei trettesom ikkje kjem han ved.

18. Lik ein galning som skytbrennande og dødelege piler,

19. er den som har svike ein venog seier: «Det var berre ein spøk.»

20. Er det slutt på veden, sloknar elden;når baktalaren er borte, stilnar tretta.

21. Det trengst kol til glør og ved til eldog trettekjær mann til å skapa strid.

22. Ord frå ein baktalar er som lekre retter,dei glid ned i magen.

23. Som ureint sølv utanpå eit leirkarer sleipe lepper og eit vondt hjarte.

24. Ein fiende skaper seg til med leppene,men inni seg ber han på svik.

25. Gjer han røysta blid, så tru han ikkje,for sju avskyelege ting har han i hjartet.

26. Om han skjuler hatet med list,kjem vondskapen fram når folket samlast.

27. Den som grev ei grav, fell sjølv nedi,den som rullar ein stein, får han over seg.

28. Den som talar med falsk tunge,hatar sanning;glatt munn fører til fall.