Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Visdomen som vern mot det vonde

1. Son min, om du tek imot orda mineog gøymer boda mine hos deg

2. så ditt øyre lyttar til visdomog du opnar hjartet for forstand,

3. ja, om du kallar på innsiktog ropar høgt etter forstand,

4. om du søkjer etter han som var det sølv,leitar som etter ein skatt,

5. då skal du læra å frykta Herren,finna ut kva det er å kjenna Gud.

6. For det er Herren som gjev visdom,frå hans munn kjem kunnskap og forstand.

7. Han samlar opp klokskap til dei rettskafne,er eit skjold for den som er heil i si ferd.

8. Han vernar rettens stigarog vaktar vegen hans trugne går.

9. Då skal du skjøna ærlegdom, rettferd og rett,alle gode vegar.

10. Visdom skal koma inn i hjartet ditt,kunnskap skal gjera deg glad,

11. omtanke skal vakta deg,forstand verna deg

12. og berga deg frå vegen åt dei vonde,dei som vrengjer og vrid på alt dei seier,

13. frå dei som forlèt dei rette stiganeog går på mørke vegar.

14. Dei gleder seg når dei gjer noko vondt,jublar over det som er vondt og vrangt.

15. Krokete er stigane deira,dei går på ville vegar.

16. Visdomen skal fria deg frå ei anna kvinne,ei framand kvinne med glatte ord,

17. ho som har svike sin ungdoms venog gløymt pakta med sin Gud.

18. Huset hennar søkk ned i døden,til daudingar ber hennar vegar.

19. Dei som går inn til henne, vender aldri attende,dei når ikkje fram til livsens stigar.

20. Difor skal du gå der dei gode ferdast,og halda deg på stigar dei rettferdige går.

21. For dei rettskafne skal bu i landet,den som er heil, skal få vera der.

22. Men dei urettferdige skal ryddast ut frå landetog svikarane rivast bort.