Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Betre å vera fattig og heil i si ferdenn å vera ein dåre med falske lepper.

2. Iver utan kunnskap er av det vonde,den som har hastverk, trør feil.

3. Eigen dårskap fører mennesket til fall,men hjartet rasar mot Herren.

4. Rikdom skaffar mange vener,den fattige mistar den venen han har.

5. Falske vitne slepp ikkje straff,dei som fer med løgn, går ikkje fri.

6. Mange smiskar for storfolk,alle er vener med den som gjev gåver.

7. Den fattige er forakta av alle sine slektningar,jamvel venene hans held seg unna.Han vil vinna dei med ord, men dei kjem ikkje.

8. Den som vinn seg innsikt, har livet kjært,den som tek vare på forstand, finn det gode.

9. Falske vitne slepp ikkje straff,dei som fer med løgn, går til grunne.

10. Det høver ikkje for dåren å leva i overflod,endå mindre for slaven å rå over fyrstar.

11. Forstand gjer mennesket sein til vreide,det set si ære i å bera over med feilsteg.

12. Kongens sinne er som løvebrøl,hans velvilje er som dogg over graset.

13. Ein uvitug son er ei ulukke for far sin,kvinnetrette er som stadig takdrop.

14. Hus og eigedom er arv frå fedrane,ei forstandig kone er ei gåve frå Herren.

15. Latskap dyssar i søvn,den som er makeleg, må svelta.

16. Den som tek vare på bodet, tek vare på livet,den som ikkje bryr seg om kor han går, må døy.

17. Den som hjelper den fattige, låner til Herren,som vil løna han for det han har gjort.

18. Ver streng mot son din, for det er enno håp,men bli ikkje så ivrig at du tek livet av han.

19. Den som lèt harmen ta makta, må bera straffa;vil du berga han, må du gjera det igjen og igjen.

20. Høyr på råd og ta imot formaning,så blir du vis til slutt.

21. Det er mange tankar i menneskehjartet,men det er Herrens vilje som skjer.

22. Truskap er det ein ønskjer av eit menneske;betre å vera fattig enn ein løgnar.

23. Å frykta Herren gjev liv.Mett kan ein gå til nattekvileog vera trygg for det vonde.

24. Den late stikk handa i fatet,men får henne ikkje opp til munnen eingong.

25. Slå spottaren, så blir den vitlause klok,vis den vituge til rette, så får han større forstand.

26. Den som plyndrar far sin, kastar ut mor si.Slik ein son gjev spott og skam.

27. Hald opp med å høyra på formaning, son min,om du vil vika frå kunnskapens ord.

28. Eit vondsinna vitne spottar retten,munnen til lovlause sluker vondskap.

29. Straff er fastsett for dei som spottar,og pryl for ryggen på dårar.