Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Obadja 1:8-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Den dagen, seier Herren,skal eg utsletta dei vise i Edomog klokskapen på Esaus fjell.

9. Dine krigarar, Teman, blir slegne av skrekk,for kvar og ein skal utryddast frå Esaus fjell.På grunn av drap

10. og vald mot Jakob, bror din,skal du dekkjast av skam.Du skal utryddast for alltid.

11. Den dagen du heldt deg borte,dagen då framande førte hæren hans bort som fangar,då utlendingar gjekk inn gjennom hans portarog kasta lodd om Jerusalem,då var du som ein av dei.

12. Sjå ikkje på bror din med frydpå lagnadsdagen hans!Gled deg ikkje over folket i Judaden dagen dei går til grunne!Ver ikkje stor i munnenden dagen dei er i naud!

Les hele kapitlet Obadja 1