Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 1:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Lat øyret ditt lytta og auga dine vera opne så du høyrer din tenars bøn som eg bed til deg no, både dag og natt, for israelittane, dine tenarar. Eg sannar syndene som vi israelittar har gjort mot deg. Eg og farshuset mitt har òg synda.

7. Vi har handla ille mot deg og ikkje halde dei bod, forskrifter og lover som du gav Moses, tenaren din.

8. Hugs det du påla Moses, tenaren din: «Er de trulause, vil eg spreia dykk mellom folka.

9. Men vender de om til meg og held boda mine og lever etter dei, om de så er drivne bort der himmelen endar, skal eg samla dykk og føra dykk til den staden eg har valt til bustad for namnet mitt.»

10. Dei er tenarane dine og folket ditt, som du har fria ut med di store kraft og sterke hand.

11. Å, Herre, lat øyret ditt lytta til bønene frå tenaren din og frå tenarane dine som gjerne vil frykta ditt namn. Lat tenaren din lukkast i dag, lat han møta miskunn hos denne mannen!Eg var kongens munnskjenk då dette hende.

Les hele kapitlet Nehemja 1