Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nahum 3:8-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Er du betre enn No-Amon,som låg ved Nilen, med vatn ikring,med havet til vollog vatnet til mur?

9. Kusj og Egypt var styrken hennar,ein styrke utan grenser.Put og libyarane gav henne hjelp.

10. Ho òg måtte dra i eksil som fange.Borna hennar vart knustepå alle gatehjørne,dei kasta lodd om stormennene,dei mektige vart lagde i lenkjer.

11. Du òg skal drikka deg full.Du skal gøyma deg.Du òg skal søkja vern mot fienden.

12. Alle festningane dineer som fikentre med tidleg frukt.Blir dei riste, fell det fikeni munnen på den som vil eta.

13. Sjå, krigsfolket hos deg er som kvinner.Portane til landet skal stå vidopne for fienden.Eld skal eta bommane dine.

14. Hent opp vatn før du blir kringsett,set festningane i stand.Trakk gjørme, stamp leire,ta mursteinsforma fram!

15. Der skal elden eta deg,sverdet skal rydda deg ut,det et som grashopper.Bli mange som grashopper,mange som sirissar!

16. Handelsmennene dine vart fleireenn stjernene på himmelen.Grashoppa opnar seg og flyg.

17. Vaktmennene dine er som sirissar,skrivarane liknar ein grashoppesvermsom slår seg ned på steingjerdetnår dagen blir kjølig.Sola renn, dei flyg,ingen veit kvar dei er.

18. Du konge av Assur,oppsynsmennene dine er trøytte,stormennene legg seg ned.Folket ditt er spreidd over fjella,ingen sankar dei inn.

19. Samanbrotet kan ikkje lækjast,du er alvorleg såra.Alle som får høyra om deg,klappar i hendene.For kven har ikkje gong på gongvorte råka av din vondskap?

Les hele kapitlet Nahum 3