Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nahum 3:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ve den blodige byen,full av svik og full av plyndring,aldri manglar han bytte.

2. Svepesmell og ramling av hjul,hestar i galopp og slingrande vogner,

3. ryttarar går til åtak,blinkande sverd og lynande spyd.Mengder av drepne, haugar av lik,ingen ende på døde kroppar,ein snublar i døde.

4. Det er fordi ho har drive hor,den vakre, trollkunnige horasom slavebatt folkeslag med sitt horog stammar med sin trolldom.

5. Sjå, eg kjem mot deg!seier Herren over hærskarane.Eg lyfter kjolen din over andletet på degog viser deg naken fram for folkeslag,eg viser skamma di til kongerike.

6. Eg kastar skit på deg,vanærar degog syner deg fram.

7. Alle som ser deg, skal flyktaog seia: «Ninive er herja,kven har medkjensle med henne?»Kvar skal eg leitaetter trøystarar til deg?

8. Er du betre enn No-Amon,som låg ved Nilen, med vatn ikring,med havet til vollog vatnet til mur?

9. Kusj og Egypt var styrken hennar,ein styrke utan grenser.Put og libyarane gav henne hjelp.

10. Ho òg måtte dra i eksil som fange.Borna hennar vart knustepå alle gatehjørne,dei kasta lodd om stormennene,dei mektige vart lagde i lenkjer.

11. Du òg skal drikka deg full.Du skal gøyma deg.Du òg skal søkja vern mot fienden.

12. Alle festningane dineer som fikentre med tidleg frukt.Blir dei riste, fell det fikeni munnen på den som vil eta.

Les hele kapitlet Nahum 3