Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nahum 2:6-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Han kallar fram stormennene sine,dei snublar medan dei spring,dei stormar bymuren,skjoldtaket blir reist.

7. Portane mot elva blir slegne opne,palasset vaklar.

8. Dei stiller henne naken framog fører henne bort.Tenestejentene klagar som duerog slår seg for brystet.

9. Ninive liknar ein damsom vatnet renn ut av.«Stans! Stans!»Men ingen kjem att.

10. Ran sølv, ran gull!Her er rikdom utan ende,rikeleg med vakre ting.

11. Øydelegging, meir øydelegging,alt ligg audt!Redde hjarte, vaklande kne,hoftene skjelv, kvart andlet blir raudt.

12. Kvar er løvehòlader ungløvene fekk mat,der løve og løvinne gjekkog ingen skremde løveungane?

13. Løva reiv i hel,ungane fekk det dei trong,ho kvelte byttet for løvinnene sine,fylte hi og hòler med kjøt.

Les hele kapitlet Nahum 2