Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 5:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Du, Betlehem, Efrata,minst mellom slektene i Juda!Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.Hans opphav er frå gammal tid,frå eldgamle dagar.

2. Difor skal han overgje dei,heilt til tida er komen då ho som skal føda, har fødd.Då skal resten av brørne hanskoma tilbake til Israels born.

3. Han skal stå og gjeta i Herrens kraft,i Herren sin Guds høge namn.Og dei skal bu trygt,for no rekk hans makt til endane av jorda.

4. Og han skal vera fred.Når assyrarane kjem inn i landet vårtog trakkar inn i borgene våre,då reiser vi imot deisju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.

5. Dei skal gjeta Assurs land med sverd,ja, Nimrods land med dregne våpen.Men når assyrarane kjem inn i landet vårtog trakkar over grensene våre,skal han berga oss.

6. Då skal Jakobs rest blant talrike folkeslagvera som dogg frå Herren,som regn på graset.Dei ventar ikkje på nokon mann,set ikkje si von til menneske.

7. Då skal Jakobs rest blant folka,midt iblant talrike folkeslag,vera som ei løve blant dyra i skogen,som ei ungløve i saueflokkar.Ho fer fram og trakkar ned,ho riv i hel, og ingen bergar.

8. Lyft handa di mot dei som står deg imot,så alle dine fiendar blir utrydda!

9. Den dagen, seier Herren,vil eg utrydda hestane du har,og øydeleggja vognene dine.

Les hele kapitlet Mika 5