Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Fredsfyrsten frå Betlehem

1. Du, Betlehem, Efrata,minst mellom slektene i Juda!Frå deg lèt eg ein herskar over Israel koma.Hans opphav er frå gammal tid,frå eldgamle dagar.

2. Difor skal han overgje dei,heilt til tida er komen då ho som skal føda, har fødd.Då skal resten av brørne hanskoma tilbake til Israels born.

3. Han skal stå og gjeta i Herrens kraft,i Herren sin Guds høge namn.Og dei skal bu trygt,for no rekk hans makt til endane av jorda.

4. Og han skal vera fred.Når assyrarane kjem inn i landet vårtog trakkar inn i borgene våre,då reiser vi imot deisju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.

5. Dei skal gjeta Assurs land med sverd,ja, Nimrods land med dregne våpen.Men når assyrarane kjem inn i landet vårtog trakkar over grensene våre,skal han berga oss.

6. Då skal Jakobs rest blant talrike folkeslagvera som dogg frå Herren,som regn på graset.Dei ventar ikkje på nokon mann,set ikkje si von til menneske.

7. Då skal Jakobs rest blant folka,midt iblant talrike folkeslag,vera som ei løve blant dyra i skogen,som ei ungløve i saueflokkar.Ho fer fram og trakkar ned,ho riv i hel, og ingen bergar.

8. Lyft handa di mot dei som står deg imot,så alle dine fiendar blir utrydda!

Byane skal utslettast

9. Den dagen, seier Herren,vil eg utrydda hestane du har,og øydeleggja vognene dine.

10. Eg vil utsletta byane i landet dittog riva ned alle festningane dine.

11. Eg vil utrydda trolldomskunstene du driv med,og teikntydarar skal du ikkje lenger ha.

12. Eg vil utrydda gudebiletaog steinstøttene du har.Du skal ikkje lenger tilbenoko hendene dine har laga.

13. Eg vil riva opp Asjera-pålane som er hos deg,og leggja byane dine aude.

14. Eg vil ta hemn i vreide og harmeover folkeslag som ikkje vil høyra.