Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Fredsriket

1. I dei siste dagar skal det skjeat Herrens tempelberg skal stå urokkelegsom det høgaste av fjellaog raga over høgdene.Dit skal folkeslag strøyma.

2. Mange folk skal dra av garde og seia:«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,til huset åt Jakobs Gud,så han kan læra oss sine vegarog vi kan ferdast på hans stigar.For lov skal gå ut frå Sion, Herrens ord frå Jerusalem.»

3. Han skal dømma mellom mange folk,skifta rett for mektige folkeslag,òg for dei som er langt borte.Dei skal smi sverda om til plogskjerog spyda til vingardsknivar.Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk,ikkje lenger lærast opp til krig.

4. Men kvar og ein skal sitjaunder sin vinstokk og sitt fikentre,ingen skal skremma dei.For Herren over hærskarane har tala.

5. Kvart folkeslag vandrari sin eigen guds namn,men vi skal vandrai Herren vår Guds namnevig og alltid.

Herren skal samla folket sitt

6. På den dagen, seier Herren,vil eg samla dei haltande,sanka saman dei fordrivneog dei eg har fare ille med.

7. Dei haltande gjer eg til ein rest,dei bortdrivne til eit mektig folk. Herren skal vera konge over dei på Sions bergfrå no og til evig tid.

8. Og du gjetartårn,du dotter Sions vakthaug,til deg skal det koma,herreveldet du ein gong hadde,Jerusalems dotters kongsmakt.

9. Men no, kvifor skrik du så høgt?Er det ingen konge hos deg?Er rådgjevaren din komen bortsidan rier tek deg som hos ei kvinne som skal føda?

10. Skrik ut i rier som ei fødande kvinne,dotter Sion!For no må du forlata byenog bu ute på marka.Du skal koma til Babel,men der blir du berga.Der vil Herren løysa deg utor handa på fiendane dine.

11. Men no har mange folkeslag samla seg mot deg.Dei seier: «Lat Sion vanhelgastframfor våre auge.»

12. Men dei kjenner ikkje Herrens tankarog skjønar ikkje hans plan:å samla dei som kornaks til tresking.

13. Stå opp og tresk, du dotter Sion!For eg vil gje deg horn av jern,eg vil gje deg klauver av bronse,og du skal knusa mange folk.Du skal vigsla byttet deira til Herren,rikdomen deira til herren over all jorda.

14. No, risp deg opp, du opprispa dotter!Dei har kringsett oss.Med stav slår dei Israels dommar i andletet.