Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Verop over dei mektige

1. Ve dei som tenkjer ut urettog planlegg vondtmedan dei ligg i senga!Når dagen gryr, set dei det i verk,fordi det står i deira makt.

2. Markene dei har lyst på, røvar dei,husa tek dei,og dei tvingar under segmannen og hans hus,bonden og eigedomen hans.

3. Difor seier Herren:Eg tenkjer ut ulukke over denne slekta,den kan de ikkje fri nakken ifrå.De skal ikkje lenger gå stolte ikring,for dette blir ei vond tid.

4. Den dagen skal dei syngja ei nidviseog klaga ein klagesong over dykk.«Vi er herja og øydelagde!Jorda til folket mitt blir bortgjeven,ja, teken frå meg.Markene våre blir utdelte til fråfalne.»

5. Då skal du ikkje ha nokon i Herrens forsamlingtil å kasta lodd og dela ut jord.

6. «Hald opp med å profetera!» seier profetane.«Slik må ingen profetera!Tek skjellsorda aldri slutt?»

7. Kva er det du seier, Jakobs hus?Har Herren mista tolmodet?Er det slik han fer fram?Har eg ikkje gode ordtil dei som ferdast rett?

8. Men folket mitt har alt stått fram som ein fiende.De dreg kappa av fredelege folk.Dei som vandrar trygt, blir krigsfangar.

9. Kvinnene i folket mitt driv de bortfrå heimane dei var glade i.De har for alltidteke mi ære frå småborna hennar.

10. Stå opp og gå!For dette er ingen kvilestad.Fordi han er urein, skal han øydeleggjast,og øydelegginga er fæl.

11. Ein som fór med løgn og bedrag og sa:«Eg spår for deg om vin og drikk»,det ville ha vore ein profet for dette folket!

Herren vil samla Israels rest

12. Eg vil samla deg, Jakob, heile deg.Eg vil sanka saman Israels rest,føra dei saman som sauer i ei kve,som ein bøling på beite,ein ståkande flokk av menneske.

13. Han som bryt igjennom, går føre dei.Dei bryt igjennom og dreg ut av porten.Kongen deira går føre dei, Herren sjølv er i spissen for dei.